fredag 14. desember 2012

Etiopia, nordre del


grensepost Sudan/Etiopia




Selgjarar i bussdøra, Korem-Sekota

Lalibela. Damene tar tyngste jobbane

Den Blå Nilen sitt utspring frå Tanasjøen
Bahir Dar, bilvask i Nilen



Etiopia er eit fjelland. Dei fleste byane ligg meir enn 2000 moh, og mange fjell er godt over 4000. Naturen er flott, og apekattar skvett over vegen rett som det er.
på veg opp til klosteret Debre Damo

Klosteret Debre Damo ligg 3000 moh på eit fjell med flat topp og steile sider. Einaste veg dit er å entra opp ei 20 m høg loddrett fjellside ved hjelp av tau. Munkane slengte ned ei lerreim til å festa rundt livet som sikring. Må innrømma at dei hjelpte til litt, men måtte likevel ha pustepause på smal hylle halvveges. Det går ein del sagn om korleis dei kom seg opp første gong, og korleis dei fekk bygd klosteret oppå toppen, men ingen veit sikkert.

Abuna Yemata Guh, inngang kyrkje
Abuna Yemata Guh, hylla fram til inngang kyrkje
Addis Abeba, opplæring i skulderdansen
Ei endå friskare oppleving var turen opp til Abuna Yemata Guh, ei kyrkje gravd ut av fjellet, også dette i ca 3000 m høgde. Frå nærmaste landsby var det ca 45 min gange bratt oppover. Deretter klatring opp steile fjellsider med akkurat nok feste til tær og fingrar. Ein lokal guide klatra ein meter over meg for å visa kor eg skulle ta tak. Først kom me til 2 holer som var gravd ut og brukt til gravkammer og 1 hole som vart brukt til dåp. Så var det av med skoa før siste etappe opp til kyrkja. Først nok ei klatreetappe, deretter bar det ut på ei fjellhylle ca 80 cm brei. På venstre side var det 200 m rett ned, på høgre side 100 m rett opp. Hylla skrådde utover, eg lena meg innover, og såg stivt framover. Var ikkje spesielt høg i hatten akkurat der. Etter ein kvikk omvisning i den vesle kyrkja, var det same vegen ned att.